Meny

 
Vedtekter Skriv ut

Vedtekter:

1. Namn
    Hyllestad Næringsråd

2. Føremål
   
Samarbeid mellom næringslivet og kommunen i eit felles råd som skal 
    medverke til vekst og utvikling.
    Hyllestad Næringsråd har som føremål å samle reelle og potensielle
    næringsdrivande som er intersserte i næringsutvikling i Hyllestad i arbeid
    for å stø tiltak som vil vere til gagn for medlemmene, bygdene og nærmiljøa.
    I dette ligg å fremje eit godt samarbeid mellom medlemmene, og i høve til
    styresmaktene og frivillige organisasjonar.

3. Medlemskap  
   
Etablerte verksemder og verksemder i etableringsfasen kan bli medlemmer.
    Styret avgjer ved vanleg fleirtal om kven som kan takast opp som medlem.
    Utmelding skal skje skriftleg til styret.

4. Styret
    
Styret skal vere samansett av 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. Styret bør 
    ha ei samansetjing som representerar ulike næringar. Hyllestad kommune skal
    ha eit medlem i styret. Leiar skal veljast særskilt på årsmøtet kvart år. Hyllestad
    kommune sin reprsentant kan ikkje veljast til leiar.
    2 av styremedlemmene og varamedlemmene står på val kvart år.
    Styret vel sjølv nestleiar og kasserar.

5. Sekretæriat
    Den tilsette daglege leiar/sekretæriat står for den daglege drifta i
    Hyllestad Næringsråd og har forslagsrett og innstillingsrett til styret.

6. Valnemnd/revisor
    Årsmøtet vel revisor og valnemnd.

7. Styremøte/Medlemsmøte
    Styremøte vert halde min. 4 gonger pr. år. Møte vert halde når det fell
    naturleg eller når leiaren eller min. 2 av medlemmene i styret krev det.
    Det skal utarbeidast styreinstruks. Medlemsmøte vert halde minst 2 gonger
    pr. år. Eit av desse møta kan vere årsmøtet. Det skal kallast inn til medlems-
    møte med 8 dagers varsel. Det skal haldast medlemsmøte når minst 20% av
    medlemmene krev det.

8.Årsmøte
   Berre medlemmer i Hyllestad Næringsråd har stemmerett på årsmøtet, personleg
   eller med fullmakt. Ingen kan møte med meir enn 1-ein fullmakt.
   Styret kallar inn årsmøtet med 8 dagers varsel innan utgangen av mars.
   Med innkallinga til årsmøtet fylgjer sakliste, rekneskap, årsmelding og framlegg
   til budsjett, samt andre saker som ein ynskjer lagt fram for årsmøtet.
   Saker som skal handsamast av årsmøtet:

   - Godkjenning av innkalling/sakliste
   - Godkjenning av årsmelding
   - Godkjenning av revidert rekneskap
   - Fastsetjing av medlemskontingent/budsjett
   - Val av leiar
   - Val av styremedlemmer og varamedlemmer
   - Val av revisor
   - Val av valnemnd
   - Andre saker som vert lagt fram for årsmøtet i følgje innkallinga
   
   Årsmøtet er vedtaksført når minst 1/3 avmedlemmene er til stades eller
   med fullmakt.
   Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført fasstset styret nyh dato for årsmøtet
   med 8 dagers varsel. Det nye årsmøtet er vedtaksført utan omsyn til kor mange
   medlemmer som møter.

9. Ekstraordinært årsmøte
    Ekstraordinært årsmte skal haldast når styret eller minst halvparten av 
    medlemmene krev dette. På ekstraordinært årsmøte kan ikkje andre saker
    takast opp enn dei som er gjort kjent i innkalling.

10. Vedtektsendringar
      Framlegg til endring av vedtektene skal fram til årsmøtet, som med 2/3
      fleirtal kan vedta endringar. Framlegg til endring av vedtektene må vere
      styret i hende innan 1. mars.  Framlegg til endring skal sendast ut saman
      med innkallinga til årsmøtet.

11. Oppløysing
      Framlegg om oppløysing må leggjast fram for årsmøtet der det vert kravd 
      2/3 fleirtal.  Framlegg om oppløysing må vere sett fram til styret innan 
      utgangen av året.  I samband med vedtak om oppløysing tek årsmøtet 
      avgjerd om disposisjon av eiga i rådet.  


Gjeldane vedtekter vart sist endra av årsmøtet 20.03.07































 
Alle rettigheter reservert HNR - Hyllestad Næringsråd 2007
Postboks 20, 6951 LEIRVIK I SOGN, tlf 57 78 84 27