Marknadsfør aktivitet i brosjyre til alle husstandarar
22.01.11 Frivilligsentralen har tilbudt medlemmane i HNR å kostnadsfritt marknadsføre aktivitet i ei brosjyre til alle husstandarar. Sjå separat e post til medlemmane.
Som ein del av Hyllestad Næringsråd sitt arbeid med å verte meir aktiv og synleg, og å kome i bedre tovegs dialog med medlemmane, har vi no tatt ibruk Facebook og Twitter.
Vi veit at stadig fleire av våre medlemmar er til stades på desse nettsamfunna, og dermed er det naturleg at også HNR er aktive og synlege på Facebook og Twitter
Det har ei tid vore for lav aktivitet i Hyllestad Næringsråd.
6. januar 2011 var det styremøte i HNR, referat er utsendt til medlemmane.
Styret er samde om at ein i 2011 må heve aktiviteten i form av fleire møter og initiativ.
Styret vil gjerne ha innspel på kva konkrete oppgåver medlemmane har behov for at HNR skal arbeide med.
I referatet etter styremøte 6. jan har styret foreslått nokre saker, og vil i styremøte 7. feb forberede ulike alternativ ogspele ballen vidare til årsmøtet for vidare drøftingar der.
Styremøte er gjennomført 7. februar og referat er utsendt til medlemmane. - JHL-Elektro er godkjent av styret som nytt medlem.
Årsmøte er planlagt onsdag 23. mars klokka 19:00 på Leirvik Kro og Motell.
Vanlige årsmøtesaker ihht vedtekter, i tillegg strategiplan.
Etter årsmøtet blir det presentert 2 tema:
Marknadsføring og dialog for bedrifter på Facebook – Joakim Systaddal
Framtidig næringsutvikling i regionen – Roar Bøe og Tore Bråstad